Climate Change Management

For alle dere som er interessert i den nye masteren så kan dere lese om den her:)

Climate Change Management
– Nytt felles masterstudium for studentar ved institutt for naturfag –

• Under føresetnad av godkjenning og finansiering vil Høgskulen i Sogn og Fjordane i august 2016 ta opp studentar til masterprogrammet Master in Climate Change Management. Avklaring om studiet startar i 2016 vil bli avgjort våren 2016.

• Utdanninga er etterspurd og er særleg tilpassa søkjarar med bakgrunn i geologi og geofare, fornybar energi eller landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.

• Det er sett av 20 studieplassar til programmet. Opptakskravet til masterprogrammet er minimum C i snitt frå bachelorutdanninga.

Klimaplanlegging/klimatilpassing
Studiet vil gje kandidatane ei brei forståing av utfordringane samfunnet står framføre på klimaområdet og kompetanse til å leie utgreiingsarbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Kandidatane vil få solid grunnlag til å vurdere, planlegge og gje råd til korleis ulike samfunnssektorar kan implementere strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Internasjonale studentar og lærarar vil bidra med sin kunnskap og sine erfaringar om klimarelaterte problem og slik vere med på å sette klima utfordringane inn i ei global samanheng.

Arbeidsmarknad
Arbeidsmarknaden for dei ferdige kandidatane er god. Det er anslått at det vil vere trong for om lag 200 fleire planleggjarar årleg på ulike forvaltningsnivå (departement, direktorat, fylkeskommunar, fylkesmenn, kommunar, statlege etatar, næringsliv, m.m.) i samfunnet enn det som i dag vert utdanna i Norge. Samfunnet vil framover få store utfordringar knytt til klimaendringar, og det vil vere stor trong for personar med kompetanse til å handtere klima-utfordringar i mange yrke.

Med helsing
Tarald Seldal
Instituttleiar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *